Internat

På Sygna har vi ca 150 plassar til internatbuarar, resten bur heime. Dei fleste bur på dublett, det vil sei at dei har eige rom men deler bad med ein medelev, men vi har også dobbeltrom og einerom. Korleis romma ser ut varierer litt frå internat til internat. På alle internata er det ei lita fellesstove og ein kjøkkenkrok der elevane kan samlast for å vere ilag. Kvart internat har også eit vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel slik at du kan vaske kleda dine sjølv. Internatleiar Marit Beate tek eit vaskekurs med kvart internat ved skulestart, så har du ikkje vaska kleda dine før, vil du få tips og råd om korleis du gjer dette. Internatleiaren vil også komme innom deg om morgonen dersom du er sjuk.

Du får servert frukost, lunsj, middag og kveldsmat i matsalen i øko-bygget. I dette bygget finn du også møtesal, peisestove, kiosk, biljard, TV og bordtennis. Vi har desse romtypane tilgjengelege:

  • Enkeltrom internat 1-6:
    enkeltrom der eleven deler gang og bad med ein medelev

  • Dobbeltrom internat 1-6:
    dele rom og bad med ein medelev

  • Dobbeltrom åleine, internat 1-6:
    åleine på dobbeltrom etter eige ønskje

  • Enkeltrom internat 7:
    enkeltrom og delt bad med fleire på internatet

Sjå bilde av- og mål på romma her (kor store romma er):
Enkeltrom internat 1-6
Dobbeltrom internat 1-6

Sjå prisane for dei ulike romma her

Internatlivet - informasjon, råd og tips