Skule- og internatpengar

Skulepengar 2019/2020
Skulepengane er samansett av ein eingongssum ved innmelding, og ein sum pr. månad i ti månadar (fem innbetalingar om hausten og fem innbetalingar om våren).
Innmeldingspengane er på kr 1.000,-. Desse vert ikkje betalt attende om eleven vel å ikkje byrje på Sygna (14 dagars angrefrist).

Summane pr. månad har følgjande satsar for dei ulike utdanningsprogramma:
Studiespesialisering: 1.800,-
Kunst, design og arkitektur: 1.900,-
Idrettsfag: 2.100,-
1HO, 2BU og 2HF: 2.050,-
Påbygg: 2.000,-

Skulepengane inkluderer kostnadene det medfører å vere elev på Sygna eitt skuleår. Ekskursjonar ligg inne i skulepengane.

Alle elevar må ha berbar PC.

Alle elevar vert anbefalte å låne PC av skulen mot ein eigendel som tilsvarer utstyrsstipendet frå Lånekassen (p.t kr. 1035,- pr. år). Elevane tek over PC-en etter tre år. Meir informasjon vert sendt saman med inntaksbrevet. Det er og mogeleg å nytte eigen PC.

Internatpengar skuleåret 2019/2020
Alle prisar er pr. månad og innbetaling i 10 månader

Enkeltrom internat 1 - 6: kr. 6.950,-
- enkeltrom der eleven deler gang og bad med ein medelev
 Dobbeltrom internat 1 - 6: kr. 5.500,-
- dele rom og bad med ein medelev  
Dobbeltrom internat 1-6 åleine: 7.100
- åleine på dobbeltrom etter eige ønskje
Enkeltrom internat 7: kr 5.750,-
- enkeltrom - delt bad med fleire på internatet 

Viss elevar treng spesialdiett (må ha legeerklæring) kostar det ekstra:
Diett med støtte frå NAV: kr. 1300 pr. mnd.
Diett utan støtte frå NAV: kr. 600 pr. mnd.
Vegetar- eller kost utan svin: kr. 300 pr. mnd.

Prisen inkluderer kost og losji for heile skuleåret (10 mnd., august - mai). 

Romplassering av elevar skjer tidleg i august. Vi kan ikkje garantere at alle får innvilga førsteønskjet ved romplassering.

Elevane på Sygna får stipend og lån av Statens lånekasse på linje med elevar ved offentlege skular. Bustipendet dekkjer det meste av utgiftene ved å bu i internatet. Du kan i tillegg søkje om grunnstipend, læremiddelstipend og reisestipend. Alle elevar kan også søkje om utstyrstipend. Sjåwww.lanekassen.no