Holbverg-klasserom.jpg

Visjonen vår

Det beste for eleven…alltid

Vi vil legge til rette for at elvane våre kan:

SØKE kunnskap

ved å gi den einskilde elev god og variert undervisning som legg til rette for refleksjon og faglege utfordringar. Vi ønskjer å engasjere elevane til å delta aktivt og bruke sine skaparevner i eiga læring.

FINNE venner

ved å motivere elevane til å vere med og skape eit godt miljø og oppleve glede i eit trygt fellesskap. Vi ønskjer at alle elevane kan kjenne seg heime på Sygna og få venner for livet.

VINNE livet

gjennom eit inkluderande fellesskap ved å gi den enkelte elev høve til å reflektere over meininga med livet. Vi vil legge til rette for at elevane kan bli kjende med Jesus og oppleve glede og meining i arbeidet med å formidle evangeliet nasjonalt og internasjonalt.