Velkommen til hospitering på Sygna!
Kvar haust inviterer vi 10.- klassingar frå heile Noreg til hospitering på Sygna og kvar vår inviterer vi 9.- klassingar. Dette er knytt opp til faget utdanningsval som ungdomsskuleelevane har. Kan dette vere noko for deg, eller nokon du kjenner?

Fristen for påmelding til 9.-klassehospiteringa er måndag 11. mars

Kva tid er hospiteringa?
Vi har dei siste åra lagt hospiteringa til dei same dagane som resten av skule nord i Vestland fylke, slik at flest mogeleg kan delta. For skuleåret 2023/2024 er datoane 23. - 24. oktober for 10.- klassingane. Datoane for våren (9.-klassingane) er 18. og 19. mars 2024.

Kva utdanningsprogram kan eg vere hospitant i?
Du kan hospitere med Idrettsfag, Studiespesialisering, Helse- og oppvekstfag eller Kunst, design og arkitektur.

Kan eg overnatte?
Vi tilbyr overnatting til alle som ønskjer det. Det einaste du treng å ta med er sengetøy eller sovepose og handkle. Dette er ein flott måte å få prøve korleis det er å bu på internat.

Kva med mat?
Når du er hospitant på Sygna et du alle måltida gratis i matsalen på skulen. Det blir servert frukost, lunsj, middag og kveldsmat.

Kva er programmet på hospiteringsdagane?
For dei som kjem søndag ettermiddag/kveld vert det ei velkomstsamling søndag kveld. I skuletida følgjer du stort sett timane til det utdanningsprogrammet du hospiterer på. Du deltek i undervisningstimar og får informasjon om skulen og utdanningsprogrammet du har valt. På ettermiddagstid måndag legg vi opp til sosiale aktivitetar (frivillig), slik at du og skal få eit litt betre inntrykk av korleis det er å vere elev på ein internatskule. Du får òg ein fadder som har eit særskilt ansvar for å sjå til at du får nokre gode dagar på Sygna.

Vi sender ein spesifikk timeplan for hospiteringsdagane til deg og den som ev. har meldt deg på ca. ei veke før hospiteringa. Då får du òg meir praktisk informasjon om dagane.

Korleis kjem eg meg til Sygna?
Når du kjem til Balestrand hentar vi deg på busstopp/kaien, og køyrer deg opp til skulen. Vi skal òg sørge for å få deg trygt på bussen/båten når du skal heim igjen. Det går bussar/båtar fleire gangar om dagen i retning både Bergen, Oslo, Sogndal, Førde, Vik, Nordfjord osb. Du er velkommen til å kome til Sygna dagen før hospiteringa startar om det passar best.    

Kva skal eg ha med meg?
Du må og ha med gymtøy, skrivesaker og ei skrivebok. Dersom du skal overnatte må du ha med eit håndkle og sengetøy eller sovepose. Det kan vere lurt å ha med litt lommepengar om du vil kjøpe noko i russekiosken.

Korleis melder eg meg på?
Det er ofte rådgjevarane på ungdomsskulane som tek kontakt med oss og melder elevar på hospiteringa. Du eller foreldra dine må gjerne gjere det sjølve, men flott om du da avklarar dette med skulen din.

Koster dette noko?
Alle måltid og overnattinga er gratis for deg som hospitant. Det einaste du må betale er reise til/frå Balestrand. Det kan vere lurt å ha med nokre lommepengar om du ønskjer å kjøpe noko frå kiosken som russen har open på ettermiddagstid.

Kva om eg har lyst å besøke Sygna, men hospiteringsdagane ikkje passar?
Ta berre kontakt med underteikna, så prøver vi å få til at du kan kome på eit anna tidspunkt. Sjølv om det då ikkje vert eit så omfattande opplegg kring som på hospiteringa, så vil du kunne bli kjent med elevar, tilsette og skuleområdet.


Håpar å sjå deg på hospitering på Sygna! Meld deg på til underteikna, eller ta kontakt om det er noko du lurer på. Ser fram til å høyre frå deg!

Helsing
Frode Bøthun
rektor
E-post: fbothun@sygna.no
Tlf: 57 69 45 00