Sygna vidaregåande skule har for tida ledig

100 % fast stilling som kjøkenleiar frå 01.08.2019 

 Vi søkjer kokk som er strukturert, har god evne til omstilling og læring, har godt humør, er glad i menneske og som jobbar godt, både sjølvstending og i samarbeid med andre. Det er ein fordel med erfaring frå liknande stilling.

 
Arbeidsoppgåver vil m.a. vere:

  • dagleg ansvar for kjøkendrifta og ved fester og arrangement.  

  • noko ansvar for reinhald (skulen brukar reinhaldsbyrå på skulebygget)

  • klargjering av internat før skulestart i samarbeid med internatleiar

  • internkontroll og personalleiing

  • arbeid kvar tredje helg

Kjøkenleiar er med i tilsynsordninga ved skulen

 

Vi kan tilby  spennande og varierte arbeidsoppgåver i samarbeid  med engasjerte medarbeidarar og  flotte elevar i skule og internatmiljø. Kjøkenet arbeidar etter årsturnus.
Kjøkenet vil bli oppgradert  og modernisert i løpet av våren 2019.

Løn etter avtale.

Søknadsfrist: 10.04.2019

For meir informasjon, ta kontakt med
rektor, Knut Heng: 57 69 45 11 eller
administrasjonsleiar, Anne Margrethe Kråvik: 57 69 45 12

 

Sygna vgs byggjer verksemda  på kristen tru og driv arbeidet sitt i samsvar med grunnreglane for NLM som eig skulen. Den som vert tilsett  må kunne arbeide i tråd med skulen si kristne målsetning. Søkarar må kunne gje opplysingar om dette, jfr AML §§ 13-3 og 13-4. Den som vert tilsett i stilling på skulen må leggje fram tilfredsstillande politiattest, jfr. Friskolelova § 4-3.