Om skulen

Sygna vidaregåande skule er ein kristen friskule med offentleg godkjenning og eksamensrett. Det går ca. 180 elevar på Sygna, ca. 140 av desse bur i skulen sine internat. Sygna er eigd og driven av Misjonssambandet, som er ein stor misjonsorganisasjon. 

Skulen ligg i Balestrand i Sogndal kommune og har god kommunikasjon både austover mot Oslo, sørover mot Bergen og Stavanger, samt nordover mot Ålesund og vidare.