Alt for Etiopia, og Esefjorden Rundt

Før misjonsløpet blei det bestemt at om det blei samla inn over 300 000 kr til Etiopia, skulle Anna Helena klippe 20 cm av håret sitt. Om det blei samla inn over 400 000 kr skulle Maria farge håret neongrønt. Viss beløpet blei over 500 000 kr, skulle Anette stille i konkurranseklassen på Esefjorden rundt. På misjonsløpet blei det samla inn nær 600 000 kr! I bildekavalkaden kan du sjå resultata av lovnadane. Den mest smertefulle bragden var nok Anette sitt løp på Esefjorden rundt, der ho sprang over 8 km, 5 av dei haltande.. Godt jobba, jenter! Det var fleire Sygnaelevar, og personale, med og sprang “Esefjorden rundt”, som blei arrangert for 40ande gong i år. Nokre av dei kan du sjå bilde av her. Imponerande!

Magni Åm Risa