Klage eksamenskarakter                                                

 

 Mai 2023

 

Karakter ved skriftleg eksamen:

 

Vanleg klage:

Klageretten på skriftleg eksamenskarakter er 10 dagar frå du har blitt gjort kjent med resultatet, eller burde ha gjort deg kjent med dette. Siste frist for klage er måndag 3. juli 2023.

 

Du skal sende ev. klage til Sygna på mail, jheggestad@sygna.no
I mailen oppgir du og telefonnummer, slik at vi kan ringe deg og få klagen stadfesta.

Klagen skal ikkje grunngjevast, men det må kome tydeleg fram kva fag/eksamen det gjeld og at det er vanleg klage.

 

Utdrag frå § 5-9 Forskrift til Privatskolelova:  

”Klagenemnda skal gjerast kjend med den karakteren prøvesvaret fekk ved den ordinære sensuren. Nemnda skal elles ikkje få andre opplysningar enn svaret og dei opplysningane som kan leggjast ved svaret ved eksamen. Nemnda skal ikkje gjerast kjend med eventuell grunngiving for klagen.

Når det gjeld klage på karakter til skriftleg eksamen, prøver nemnda alle sider ved karakterfastsetjinga. Finn nemnda at karakteren er urimeleg i forhold til eksamensprestasjonen, set ein ny karakter.”

Legg altså merke til at karakteren berre blir endra dersom klagenemnde meiner den gitte karakteren er urimeleg. Merk deg også at karakteren kan endrast både opp og ned. Det er difor lurt å rådføre seg med faglærar. Dersom du ønskjer å rådføre deg med faglærar tek du direkte kontakt til han/henne. Du må likevel sende klagen innan fristen.


Hurtigklage:

Dersom du ønskjer å få ein eventuell klagesensur med på vitnemålet, må du levere klagen tidlegare. Frist: Seinast onsdag 28. juni kl. 09.00
Dette er mest aktuelt for Vg3-elevar som skal bruke vitnemålet no til å søke seg vidare til høgskular- eller universitet.

 

Du skal sende ev. klage til Sygna på mail, jheggestad@sygna.no
I mailen oppgir du og telefonnummer, slik at vi kan ringe deg og få klagen stadfesta.

Klagen skal ikkje grunngjevast, men det må kome tydeleg fram kva fag/eksamen det gjeld og at det er hurtigklage.

Klage på munnleg eksamen

Eleven har rett til å klage på formelle feil som har hatt noko å seie for eksamensresultatet. Til munnleg eksamen er det ikkje høve til å klage på karakteren. Ved spørsmål om klage, har skulen ansvar for å rettleie eleven. 

Dersom eleven får medhald i ein klage, blir eksamenskarakteren annullert. Eleven kan velje om ho eller han vil gå opp til ny munnleg eksamen, med ny sensor. Viss eksamenen er trekkfag i vidaregåande, skal faget trekkast på nytt.