Kva?

På Sygna vidaregåande skule har vi studiespesialisering der du kan velje mellom realfag og språk, samfunnsfag og økonomi.

Kvifor?


Tre år her gjev deg det beste grunnlaget for å ta steget vidare til høgskular eller universitet, der du kan utdanne deg i fleire ulike retningar. Om du til dømes har mål om å bli lege, arkitekt, økonom, sjukepleiar, lærar, jurist eller kanskje ingeniør, er studiespesialisering eit godt val etter grunnskulen.

På Sygna jobbar vi kvar dag etter visjonen: «Det beste for eleven...alltid». Undervisninga på Sygna er kjent for at det er tett kontakt mellom elev og lærar, slik at eleven i arbeidet med faget kan testa si faglege forståing og utvikling mot læraren si undervisning og rettleiing. Vi har eit aktivt pedagogisk miljø som alltid er på leit etter måtar undervisninga kan bli betre på.

I Vg2 ligg det inne ein studietur. Reisemåla kan variere - truleg vert det ein storby i Europa.

Fag

Fellesfag: Norsk, engelsk, matematikk (praktisk eller teoretisk), naturfag, spansk 1 og 2, samfunnsfag, geografi, kristendom, kroppsøving, historie, religion og etikk.

Programfag: Matematikk R1 og R2, fysikk 1 og 2, kjemi 1 og 2, biologi 1 og 2, engelsk 1, sosiologi og sosialantropologi, entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 og 2, politikk og menneskerettar, sosialkunnskap, kristendom, breiddeidrett og toppidrett - fotball.