Skule- og internatpengar

Skulepengar 2024/2025
Skulepengane er samansett av ein eingongssum ved innmelding, og ein sum pr. månad i ti månadar (fem innbetalingar om hausten og fem innbetalingar om våren).
Innmeldingspengane er på kr 1.000,-. Desse vert ikkje betalt attende om eleven vel å ikkje byrje på Sygna (14 dagars angrefrist).

Summane pr. månad har følgjande satsar for dei ulike utdanningsprogramma:
Studiespesialisering: kr. 2.380,-
Kunst, design og arkitektur: kr. 2.450,-
Idrett: 2.640,-
1HO, 2BU og 2HA: kr. 2.560,-
Påbygg: kr. 2.380,-

Skulepengane inkluderer kostnadene det medfører å vere elev på Sygna eitt skuleår.

Alle elevar må ha berbar PC.

Alle elevar vert anbefalte å låne PC av skulen mot ein eigendel som tilsvarer Studiespesialisering sitt utstyrsstipend frå Lånekassen (p.t kr. 1 196,- pr. år). Elevane tek over PC-en etter tre år. Meir informasjon vert sendt saman med inntaksbrevet. Det er og mogleg å nytte eigen PC

Internatpengar skuleåret 2024/2025
Alle prisar er pr. månad og innbetaling i 10 månader.
Prisen inkluderer kost og losji. 

Skuleåret 2024/2025 er bortebuarstipendet kr. 6677,- pr mnd.

Enkeltrom internat 1 - 6: kr. 8.960,-
- enkeltrom der eleven deler gang og bad med ein medelev
- du betalar kr. 2.283,- i tillegg til bortebuarstipendet
 Dobbeltrom internat 1 - 6: kr. 7.000,-
- dele rom og bad med ein medelev
- du betalar kr. 323,- i tillegg til bortebuarstipendet  
Stort enkeltrom internat 1-6 åleine: kr. 9.190
- åleine på dobbeltrom etter eige ønskje
- du betalar kr. 2.513,- i tilleggg til bortebuarstipendet
Enkeltrom internat 7: kr 7.530,-
- enkeltrom - delt bad med fleire på internatet 
- du betalar kr. 853,- i tillegg til bortebuarstipendet


Tillegg for diettar - pr. mnd
Cøliaki: kr. 1130
Spelt + laktosefritt: kr. 820
Vegetar: kr. 620
Utan svin: kr. 400

Romplassering av elevar skjer tidleg i august. Vi kan ikkje garantere at alle får innvilga førsteønskjet ved romplassering.

Elevane på Sygna får stipend og lån av Statens lånekasse på linje med elevar ved offentlege skular. Bustipendet dekkjer det meste av utgiftene ved å bu i internatet. Du kan i tillegg søkje om grunnstipend, læremiddelstipend og reisestipend. Alle elevar kan også søkje om utstyrstipend. Sjå www.lanekassen.no