Velkommen til hospitering på Sygna 18.- 19. mars 2024 

 Så kjekt at du vil kome på besøk til Sygna!   

 Når du kjem til Sygna, vil du få meir praktisk informasjon om kva som skal skje og du vil få møte fadderen eller faddergruppa di.

 

Du må ha med deg:  

  • Skrivesaker  

  • Gymklede (for dei som hospiterer på idrett – eller om du har lyst til å vere litt fysisk aktiv på ettermiddagstid) 

  • Maten er gratis, men litt lommepengar er lurt å ha med dersom du er her på ettermiddagstid (russen har m.a. open kiosk om ettermiddagane) 

  • Du som skal overnatte, må ta med laken og sengetøy/sovepose. Dyne og pute skaffar vi

 Program:

  • Sjå lenger nede  

  • Vi håper alle har lyst å vere med på programmet, også du som bur i Balestrand. Alt på ettermiddag og kveld er sjølvsagt heilt frivillig, men det kan vere ein flott måte å oppleve korleis det er å gå på internatskule. Hospiteringa avsluttast med middag i matsalen tysdag.  

  • Det kan endå bli litt endringar på planen, men nå får du i alle fall eit inntrykk av korleis dagane skal vere.  

Transport for dykk som kjem søndag ettermiddag/kveld 

  • Vi hentar på bussane som kjem frå Sogndal og Førde søndag ettermiddag/kveld

  • Vi hentar på båten som kjem frå Bergen kl. 20.30

  • Dersom du kjem på eit anna tidspunkt og treng transport, ta kontakt med Johannes Nilsson (sjå under) 

Dersom det er noko du lurer på før du kjem, kan du sende mail til Johannes Nilsson jnilsson@sygna.no, eller ta kontakt på tlf. 901 31 402 

Vi gler oss til du kjem, og håpar at du vil trivast desse dagane.  

Program

Søndag 17. mars

Frå kl. 18.00:    Innkvartering for dei som kjem søndag
Kl. 21.00:         Velkomst og aktiviteter i møtesalen 

Måndag 18. mars

Kl. 16.30          Uteaktivitetar (kubb, frisbeegolf, «15 gjelder» m.m. Viss været er dårleg, flyttar
                        aktivitetane innandørs

Kl. 18.45          Kveldsmat

Kl. 20.00          Quiz m.m i møtesalen

Det kan bli litt endringar i programmet