Stor oppgang i søknaden

Sygna opplever ein 25% auke i søknadane til Vg1. Særleg er det oppgang på utdanningsprogramma Studiespesialisering og Kunst, design og arkitektur.

Fristen for å søke vidaregåande skule var 1. mars. Søkartala til Sygna er gode i år. På Kunst, design og arkitektur er det venteliste til førsteinntaket, medan dei andre utdanningsprogramma framleis har nokre ledige plassar. Trass i at det ikkje er fullt på alle utdanningsprogramma er auken frå i fjor merkbar. Særleg ser vi ein stor auke innan studiespesialisering. På Helse- og oppvekstfag og Idrettsfag er det ein liten auke frå i fjor.

Har du lyst til å sjekke ut Sygna? Send inn ein søknad, så tek vi kontakt.

Sygna har søkarar frå nesten heile sør-Norge

…og frå heilt i nord.

Frode Bøthun