Ingrid og Mari er våre nye miljøarbeidarar

Førebuingane til neste skuleår er godt i gang - og vi har gode nyhende:

Ingrid Ladehaug og Mari Lervik skal vere miljøarbeidarar frå hausten 2024. Jippi!
Men, det stoppar ikkje der - for Sara Nordheim skal også jobbe på Sygna - som idrettsassistent!

Vi gledar oss over å få dei tre tidlegare Sygna-elevane tilbake - velkomne alle tre!

Sara Nordheim var russ på Sygna våren 2022. No kjem ho tilbake som idrettsassistent.

Sara Nordheim skal vere idrettsassistent frå hausten 2024. Ho skal også ha oppgåver knytt til elevrekruttering. Sara var russ på Sygna våren 2022. Dette skuleåret er ho stipendiat på KRIK-linja på Bildøy bibelskule. Velkommen, Sara!

Mari Lervik var russ på Sygna våren 2023. No kjem ho tilbake som miljøarbeidar.

Mari Lervik kjem tilbake som miljøarbeidar til hausten. Ho skal også vere elevassistent i ein mindre del av stillinga. Dette året går Mari på bibelskule og har store delar av året sitt knytt til arbeid i Uganda.

Ingrid Ladehaug var russ på Sygna våren 2022. No kjem ho tilbake som miljøarbeidar.

Ingrid Ladehaug kjem tilbake som miljøarbeidar til hausten. Ho skal også vere internatmedarbeidar i ein mindre del av stillinga. Dette året studerer Ingrid praktisk teologi og leiing på NLA i Bergen.

Frode Bøthun