Klage på eksamenskarakter, standpunktkarakter og karakter i orden og åtferd

Som elev i vidaregåande skule kan du klage på eksamenskarakter, standpunktkarakter og karakter i orden og åtferd. Sjå eiga lenke for klage på eksamenskarakter.

Dette kan du klage på

Du kan klage på alle standpunktkarakterar dersom du meiner at reglane for å fastsette standpunkt ikkje er følgde. Du kan også klage på vedtak om å ikkje fastsette standpunktkarakter, såkalla Ikkje vurdering (IV) og karakter i orden og åtferd. Du kan ikkje klage på undervegsvurdering.

Resultatet av klagen kan bli ein dårlegare karakter enn den du hadde frå før. Difor bør du tenkje deg godt om før du klagar.

Klagefrist

Klagefristen er ti dagar frå du fekk vedtaket om standpunktkarakter.

Du har rett på grunngjeving før du klager

Vi tilrår at du ber om grunngjeving før du bestemmer deg for å klage. Ta kontakt med skulen din. Når du ber om grunngjeving, blir den nye klagefristen ti dagar etter at du fekk grunngjevinga.

Slik klagar du

Du skal bruke klageskjemaet som du finn på denne sida. Levèr klagen til skulen.

I klagen må du grunngi skriftleg kva du meiner er feil og kva for reglar du meiner ikkje er følgt.

Foreldre eller føresette for umyndige elevar har sjølvstendig klagerett. 

Les meir om klage på vurdering i lovverket

Slik blir klagen din behandla

Både faglæraren din og rektor skal skrive uttaler om klagen din. Om klagen gjeld orden og åtferd, er det kontaktlæraren din som skal skrive uttale.

Uttalane blir sendt saman med klagen til ei klagenemnd. Du får kopi av alt som blir sendt til klagenemnda.

Tilsvar

Du kan kome med tilsvar til klagen. Bruk klageskjemaet på same måte som då du sendte inn klagen. Skulen vil oversende det til klagenemnda.

Om klagen skal vere med i hurtigklagehandsaminga, må tilsvaret kome svært raskt om klagenemndene skal kunne ta omsyn til det.

Når får du svar på klagen

Alle skal ha fått svar i løpet av august. 

Hurtigklagefristen for elevar på vg3 er 19. juni. Desse elevane vil få svar på klagene i veke  26. 

Kva utfallet av klagen kan bli

Klagenemnda skal ikkje ta stilling til om du har fått rett karakter eller ikkje, men vurdere om retningslinjene blei følgde då skulen sette karakteren. Klagenemnda kan kome til ulike resultat:

  • Ikkje medhald: Klagenemnda meiner at det vedtaket om sluttvurdering er fatta på rett måte

  • Oppheve: Klagenemnda meiner at det har skjedd sakshandsamingsfeil og opphevar sluttvurderinga. Klagen blir sendt tilbake til skulen din som fattar nytt vedtak om standpunktkarater. Dersom klagaren får medhald i klagen ved munnleg eksamen, skal karakteren annulerast. Klagaren har då rett til å gå opp til ny eksamen. Dersom klagaren vel å gå opp til ny munnleg eksamen, skal ein ny sensor bedøme prøvesvaret. Gjeld klagen prøve i trekkfag, skal det trekkjast fag på ny.

Vedtaket til klagenemnda er endeleg. Du kan ikkje klage på det.

Dersom klagenemnda meiner at vilkåra for å klage ikkje er til stades, kan nemnda avvise klagen din og fatte eit avvisingsvedtak.

I saker som gjeld klage på orden og åtferd, er det klagenemnda som fastset endeleg karakter.

Nytt vedtak om standpunktkarakter

Dersom klagenemnda har oppheva vedtaket om standpunktkarakter, skal skulen fatte eit nytt vedtak om standpunktkarakter. Det kan vere:

  • Same karakter som før

  • Ein betre karakter

  • Ein dårlegare karakter

  • Ikkje vurdering (IV)

Skulen skal grunngje det nye vedtaket. Dette vedtaket er endeleg og du kan ikkje klage på det. Den nye standpunktkarakteren blir ført på vitnemålet ditt.

Regelverk

Reglane som gjeld klage på standpunkt og orden og åtferd finn du i forskrift til opplæringslova:

Standpunkt

§ 3.3 Grunnlaget for vurdering i fag

§ 5.12 Klage på standpunkt. Klageinstans og klagebehandling

Orden og åtferd

§ 3.5 Grunnlaget for vurdering i orden og åtferd

§ 5.13 Klage på karakter i orden og åtferd. Klageinstans og klagebehandling

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om klage på standpunktkarakter på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.