Vidare til NM for ungdomsbedrifter

Disc Detective UB er plukka ut til å få delta i NM for ungdomsbedrifter i mai.

Sygna tok med seg mange prisar frå fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter tidlegare i vinter, men førsteplassen gjekk til Høyanglampa UB ved Høyanger vgs. Men, no får altså Disc Detective gullbillett - og NM-plass etter at Ungt Entrepenørskap meiner dei fortener denne plassen. Vi er stolte - og gratulerer!

Utnemninga kom overraskande på både elevar og lærar, Ellen - då Eivind Husabø kom inn i klasserommet med gullbilletten - og Darek på kjøkenet hadde bakt kake for anledningen :)


Frode Bøthun