Skjermbilde+2019-01-31+kl.+15.29.49.jpg

Kva?

På Sygna vidaregåande skule har vi studiespesialisering der du kan velje mellom realfag, språk, samfunnsfag og økonomi.

Skjermbilde+2019-01-31+kl.+16.34.54.jpg

Kvifor?


Tre år her gjev deg det beste grunnlaget for å ta steget vidare til høgskular eller universitet, der du kan utdanne deg i fleire ulike retningar. Om du til dømes har mål om å bli lege, arkitekt, økonom, sjukepleiar, jurist eller kanskje ingeniør, er studiespesialisering eit godt val etter grunnskulen.

Skjermbilde+2019-01-31+kl.+16.36.45.jpg

Korleis?

Vi jobbar kvar dag med følgjande: «Det beste for eleven...alltid». Undervisninga på Sygna er kjent for at det er tett kontakt mellom elev og lærar, slik at eleven i arbeidet med faget kan testa si faglege forståing og utvikling mot læraren si undervisning og rettleiing. På Sygna har ein eit aktivt pedagogisk utviklingsarbeid, der vi gjerne tek i bruk undervisningsmåtar som kjem elevane til nytte. Døme på dette er omvendt læring. Vi ønskjer eit dynamisk pedagogisk miljø som alltid er på leit etter måtar undervisninga kan bli betre på.

Dei siste åra har elevar vore på studietur til New York.

DSC_5369.jpg

Fag

Fellesfag: Norsk, engelsk, matematikk (praktisk eller teoretisk), naturfag, framandspråk (spansk), samfunnsfag, geografi, kristendom, kroppsøving, historie, religion og etikk. Programfag: Matematikk R1 og R2, fysikk 1 og 2, kjemi 1 og 2, biologi 1 og 2, internasjonal engelsk, sosiologi og sosialantropologi, entrepenørskap og bedriftsutvikling 1 og 2, politikk og menneskerettar, sosialkunnskap, kristendom, breddeidrett og toppidrett - fotball.