Skal DU starte på vidaregåande skule neste år?

Velkommen til Sygna på besøk og/eller hospitering

DSC_1438.jpg

 

Går du siste året på ungdomsskulen og har begynt å lure på kva du skal gjere neste skuleår?

Kvifor ikkje prøve Sygna vgs i Balestrand? Her er litt informasjon om nokre av tilboda vi har for deg som 10.-klassing. 

HOSPITERING 28. - 29. oktober: Vi inviterer alle 10.-klassingar frå heile Noreg til hospiteringsdagar 28. - 29. oktober! Din jobb er å avklare med skulen din at du får lov å reise og deretter kome deg til Balestrand. Det går bussar og båtar frå sør, nord, aust og vest og vi kan hjelpe deg med å finne ut av rutetider om du vil det. Vi hentar deg på bussen/båten når du kjem til Balestrand og sørgjer for at du får ein fadder som tar seg av deg. Du et og overnattar gratis hjå oss. På skuledagane måndag og tysdag kan du følgje Idrettsfag, Studiespesialisering, Kunst, design og arkitektur, eller Helse- og oppvekstfag. Om ettermiddagen blir det sosiale aktivitetar, slik at du og får eit innblikk i korleis det er å gå på ein internatskule. Send ein e-post til inspektør Frode Kleppe Holgersen på fholgersen@sygna.vgs.no eller ta kontakt på telefon 906 355 45 om du har spørsmål eller vil melde deg på! Vi kan og nemne at vi inviterer alle 9.-klassingane frå heile Noreg til hospitering til våren. Desse datoane pleier å ligge i starten av mars. Ta kontakt om dette er aktuelt. Våren 2020 blir desse datoane truleg 2.-3. mars.    

BESØK: Mange ønskjer å ta ein tur med føresette eller vener for å sjå korleis det er på Sygna. Det synest vi alltid er like kjekt og håpar du tar kontakt om dette kan vere aktuelt for deg. Vi lager då eit opplegg som passar for deg. Nokre som kjem på besøk ønskjer å vere med i ei klasse. Andre får omvising på skule og internat av internatleiar og har ein samtale med rådgjevar etterpå. Då får ein høyre litt om korleis vi har det på Sygna og du kan stille spørsmål om det er noko du lurer på. Ta kontakt med inspektør Frode Kleppe Holgersen om dette er aktuelt ( fholgersen@sygna.vgs.no eller 906 355 45)

BLI KJENT-HELG 27. - 29. MARS: Alle som søker på Sygna blir inviterte til Bli kjent-helg i slutten av mars. Denne helga er ein glimrande måte å møte fleire som skal starte på Sygna neste skuleår. Her kjem meir informasjon etter kvart, men det er bare å sette av datoane i kalenderen din allereie nå. Dette blir ei kjekk helg!

SPØRSMÅL OM DET Å VERE ELEV PÅ SYGNA? På nettsida til Sygna finn du mykje informasjon om skulen og skulekvardagen. Følg oss også gjerne på facebook og instagram. Om du har spørsmål, ta kontakt med inspektør Frode Kleppe Holgersen på fholgersen@sygna.vgs.no eller 906 355 45.

SYGNA PÅ TUR: Mange elevar og personale frå Sygna kjem dei neste månadane til å reise på besøk til ungdomsskular, ungdomsklubbar, utdanningsmesser og liknande for å møte flest mogeleg 10.-klassingar. Ta kontakt med dei om du ser dei og ta kontakt med Sygna om du vil vi skal kome på besøk til din skule/ungdomskubb/bedehus eller liknande.

HÅPAR Å HØYRE FRÅ DEG

Helsing
Alle oss på Sygna