DSC_0762.jpg

Kva?

Sygna tilbyr VG3 påbygging for deg som ønskjer generell studiekompetanse. Du kan ta påbygging til studiekompetanse etter fullført Vg2 yrkesfag, yrkeskompetanse eller fag- og svennebrev. Påbygging gir deg dei faga du manglar for å få studiekompetanse.

DSC01172.jpg

Kvifor?

Vel du å ta tre år her på Sygna gjev deg det beste grunnlaget for å ta steget vidare til høgskular eller universitet, der du kan utdanna deg i fleire ulike retningar. Tek du høgare utdanning kan det gje deg utdanning som til dømes sjukepleiar, lærarar eller barnehagelærar.

DSC_0773.jpg

Korleis?

Vi har dyktige og engasjerte lærarar som underviser i faga du treng for å få generell studiekompetanse.

Vi jobbar kvar dag med følgjande: «Det beste for eleven...alltid». Undervisninga på Sygna er kjent for at det er tett kontakt mellom elev og lærar, slik at eleven i arbeidet med faget kan testa si faglege forståing og utvikling mot læraren si undervisning og rettleiing. På Sygna har ein eit aktivt pedagogisk utviklingsarbeid, der vi gjerne tek i bruk undervisningsmåtar som kjem elevane til nytte. Døme på dette er omvendt læring. Vi ønskjer ein eit dynamisk pedagogisk miljø som alltid er på leit etter måtar undervisninga kan bli betre på.

DSC_5369.jpg

Fag

Fellesfag: Norsk, matematikk, naturfag, historie, kristendom og kroppsøving. Programfag: Matematikk R1, internasjonal engelsk og sosialkunnskap.