Vil gjere noko for andre

- Motivasjonen min for å leggje ned tid og arbeid i russeprosjektet er at eg vil bidra til forandring for andre enn meg sjølv.

Det seier Karen Emilie Jonasmo, som saman med Andrè Høberg er prosjektansvarlege for årets russeprosjekt.

Les meir om prosjektet her

Karen Emilie og Andrè legg ned mykje innsats for misjonsporsjektet.

Karen Emilie og Andrè legg ned mykje innsats for misjonsporsjektet.


Det er ikkje lite ansvar som er lagt på skuldrane til dei to. Russen har nemleg som mål å samle inn 600 000 kroner til prosjekt i Mongolia.

- Vi er litt ferre i russen i år enn i fjor, men tenkjer at vi skal få opp engasjementet både i russen og blant dei andre elevane. Dessutan satsar vi på høg kvalitet på dei arrangementa vi skal gjennomføre, seier Andrè.

Dei største inntektskjeldene reknar dei med vert misjonsløpet, Aksjon skuleprosjekt og russerevyen, men dei har og lyst til å finne nye måtar å hente pengar:

- Vi har lyst til å få til ein veldedigheitskonsert - det trur eg vi skal få til, seier Andrè.

5. november pakkar dei to sekkane sine og reiser til Mongolia for å besøke prosjekta dei samlar inn pengar til. For Karen Emilie vert det nesten som å kome heim.

- Eg budde i Mongolia i 3,5 år då eg var yngre. Far arbeidde på den norske skulen og mor arbeidde med ulike prosjekt i Darhan og Khovd, så for meg vert det veldig kjekt å kome tilbake til Mongolia.

Vi ønskjer Karen Emilie og Andrè lukke til med det viktige arbeidet - og god tur til Mongolia. Vi gledar oss til å høyre meir om prosjekta når dei kjem tilbake.

Frode Bøthun