Verdig avslutning

Tradisjonen tru vart avgangselevane med føresette inviterte til festmiddag for å markere avslutninga på tre år med vidaregåande skule. Feiringa tok form av fire timar med nydeleg mat, lystig prat, song, høgtidelege talar, overrekking av blomar og minneskapande fotografering. I tillegg kunne russen overrekke ein sjekk på over ein million kroner(!) som dei har samla inn i løpet av skuleåret. Mesteparten av pengane går til misjonsprosjektet i deira i Etiopia.

Takk for flotte år med ein heilt unik gjeng!

Magni Åm Risa