Velkommen til haustfest og foreldredag

Laurdag 2. november inviterer vi til haustfest og foreldredag på Sygna. Då vert det foreldremøte, kontaktlærarsamtalar og haustfest. Russen arrangerer dessutan loppemarknad i gymsalen og amerikansk auksjon i møtesalen.

Haustfest.jpg

Program for dagen:
09.00 Frukost

Frå ca 09.00- utover dagen: Samtalar med kontaktlærar. Elevane får beskjed om tid og stad.
Påmelding innan 24. oktober

11.00-13.30 Loppemarknad i skulebygget
Alle er velkomne til å handle lopper

12.00-13.00 Foreldremøte for Vg1, 2BU og 2HA

13.30 Middag, graut

16.00 Haustfest i Belehalli
Alle er velkomne til haustfesten. Andakt ved Kjetil Netland.

17.30-18.30 Kveldsmat i matsalen

19.00 Amerikansk auksjon ved russen i møtesalen

Etter amerikansk auksjon: Kaffi og gjærbakst

Frode Bøthun