Varmande jente- og gutekveld

Det var stappfullt hus hjå Møyfrid laurdag kveld då det vart invitert til jentekveld. Her var det høg kosefaktor, med heimelaga kakao med mashmellows, heimebaka kjeks, livleg prat, spel og boblebad på terassen.

Samtidig utfalda gutane seg med konkurransar i gymsalen og avslutta med pannekakesteiking og prat rundt bålet i haustkvelden.

Magni Åm Risa