Vann konkurranse – fem hotell på plass

Mobilhotell vel og merke.

Konkurranse

Elevar på Kunst, design og arkitektur på Sygna er kreative som få, og slikt løner seg. I vår deltok dei i ein konkurranse der dei skulle kome med forslag til motiv som kunne passe på ulike mobilhotell. To elevar gjekk heilt til topps i konkurransen, som Nordnes Verksteder AS arrangerte. Denne veka vart premien - fem mobilhotell - leverte til skulen vår. Premiane skal bli ein fin parkeringsplass for mobilane til elevane.

Kvalitet

Mobilhotella er laga av bjørkekryssfiner og har plass til 30 telefonar i kvar. I over tredve år har Nordnes Verksteder AS gjeve tilbod om arbeidsplassar for utviklingshemma og andre med tilretteleggingsbehov. Verksemda på Bønes i Hordaland har seks avdelingar: tekstil, snikkar, frukt, vaskeri, keramikk og ein eigen tvkanal, TvBRA. Eitt av prosjekta dei har jobba mykje med er altså å snikra saman mobilhotell med ulik utsjånad. Sygna-elevar har no sett sitt tydelege fotavtrykk på produkta.

Kreativitet

Juryen skriv følgjande om vinnarmotiva som er forma her på skulen:

«Håvard sine uttrykksfulle versjoner av emojis kan lett kobles til innholdet i hotellet, altså mobiler. Det viser en rekke følelser som man kan kjenne seg igjen i, ikkje minst når man må parkere sin faste følgesvenn»

«Elin har også tegnet et motiv som i høyeste grad relaterer til mobiler. De ulike variantene av «swiper» gir assosiasjoner til ting som gir glede i livet, som reiser, musikk og kjærlighet».

Eirik Thue