Tilbake frå praksis

Markus har vore i praksis som Barne og ungdomsarbeidar. Han var med som klasseassistent i første og andre klasse på ein barneskule. 

1. Kva var det beste med å være i praksis?
- Det beste med å være i praksis er at ein får eit godt innblikk i korleis arbeidslivet er.

2. Lærte du noko nytt?
- Eg lærte meg å kommunisere betre med ungane.

3. Korleis hjelper praksisperioden deg til å forstå samanhengen mellom det du lærer på skulen og korleis arbeidslivet er?
- Praksis gjer slik at ein får brukt teorien ein lærer på skulen. Eg kan praktisere det eg har lært på skulen i arbeidslivet, noko som gjer at ein både hugsar betre og lærer endå meir. 

No er Markus og resten av gjengen tilbake på skulebenken og skal begynne på praksisoppgåva. Her tek dei for seg kompetansemåla dei har fokusert på i praksis, forklarar dei med teori og knyter dømer frå praksis til teorien. 

Samtalar med praksisplassene dykkar vitnar om ein strålande innsats ute på feltet og at de har vore gode ambassadørar for Sygna. Bra jobba!

16127.jpg
Frode Bøthun