Sygnaskryt frå utdanningsminister Jan Tore Sanner

Utdanningsdirektoratet har offentleggjort ein rapport som, ut frå gitte indikatorar, viser korleis vidaregåande skular bidreg til å løfte elevane sine karakterar, får elevane til å få ståkarakterar og til at dei ikkje sluttar undervegs.


Utdannings- og inkluderingsminister, Jan Tore Sanner

Utdannings- og inkluderingsminister, Jan Tore Sanner

Rapporten viser at Sogn og Fjordane kjem svært godt ut - og Sygna er ein av skulane som vert trekt fram.

I pressemeldinga står det m.a:

Innen studieforberedende utdanningsprogrammer er andelen som fullfører og består et skoleår 2,4 prosentpoeng høyere i Sogn og Fjordane enn for elever med tilsvarende forutsetninger på landsbasis. På yrkesfaglige programmer er andelen 3,5 prosentpoeng over landsgjennomsnittet.

På studieforberedende program skiller særlig Sygna og Høyanger videregående skole seg positivt ut med bidrag godt over landsgjennomsnittet. På yrkesforberedende program bidrar Sygna og Stryn godt over snittet.

– De resultatene vi ser i Sogn og Fjordane kan være en inspirasjon for skoleeiere og skoleledere i resten av landet. Det er veldig bra at ingen av skolene ligger under landsgjennomsnittet. Hovedformålet med indikatorene er at de skal bidra til å utfylle den informasjonen vi har om kvaliteten på opplæringen, slik at skoler og skoleeiere kan målrette innsatsen, sier Sanner.
(Du kan lese heile pressemeldinga i vedlegget undet)

For oss på Sygna er det veldig kjekt å få stadfesta at jobben som elevar og lærarar gjer viser att i statistikkane. Vi veit at slike statistikkar kan variere frå år til år - av fleire årsaker - men set likevel pris på å få stadfesta at vi driv ein skule der eleven står i sentrum og kan få den støtten han eller ho treng for å få eit fagleg løft.

FB 

Frode Bøthun