Gull reint!

Komfyrane er reine for grandiosarester, dørmattene er klare for å ta imot meir støv, veggene er fri for flekker og reagensrøyra er klare for nye forsøk. Kanskje har ein og funne igjen kleda ein har leita lenge etter.. Torsdag før lunsj var elevar og ansatte i aksjon for å gjere Sygna skinande rein. Alle internat, ØKObygg og skulebygget vart vaska ned. I tillegg var ein god gjeng i aksjon på uteområdet. Tusen takk for strålande innsats!

Elisabeth Nessa