Sjekk kven som kom ruslande

På rett stad til rett tid.

– Det er ikkje kvardagskost å møte på paven, seier Marit Beathe Kyrvestad.

Det har vår strålande flinke internatleiar sjølvsagt heilt rett i, om du då ikkje bur i Vatikanstaten og til dømes serverer pave Frans frukost.

Slag i slag

Marit Beathe Kyrvestad er blant turleiarane frå Sygna - som saman med 20 elevar frå Påbygg og Kunst, design og arkitektur – no er i Roma.

Reisefølgje har teke pulsen på Italias hovudstad, som blant anna betyr å ta dei 136 trinna i Spansketrappa, studere det unike bygget for «alle gudar» Pantheon, og ikkje minst smaka seg gjennom dei 150 sortane med italiensk is.

Tok heilt av

Høgdepunkta er mange på ein slik tur, men lite slår det som skjedde i Peterskyrkja tysdag kveld. I det som er ei av verdas største kyrkjer - med eit golvareal på 21 477 kvadratmeter, 778 søyler, 44 alter, 395 statuer og ein kuppel som er 132,5 meter høg - fekk Sygna sine utsende ei oppleving dei vil hugsa lenge. Utan noko form for varsel på førehand tok paven del i gudstenesta denne dagen.

– Heilt sprøtt. Det vart ville tilstandar då det gjekk opp for folk at paven var i kyrkja, skildrar Kyrvestad, vår utanriksreportar i Vatikanstaten.

Det vi kan slå fast etter storhendinga er følgjande: Sygna er - stort sett - på rett stad til rett tid.

Eirik Thue