Rutinerte eksamensvakter

Det er eit sikkert vårteikn når Aslaug og Jan Fredrik er på plass i gangane på Sygna.

Det er varmt i Balestrand om dagen. Ute skin sola, inne kokar hovuda. Det er eksamenstid. I dag var over 50 elevar samla i gymsalen for å visa kva dei kan.

Lufteturar

– Det er viktig at elevane får seg ein tur ut mellom slaga, seier Aslaug Fjærestad. Ho er eksamensvakt på Sygna. Det same er Jan Fredrik Andersen.

– Vi er fleire eksmanevakter i aksjon, og vi har ulike oppgåver. I løpet av ein dag har eg mellom 15 og 20 elevar med på lufteturar, seier Andersen.

– Kjekt
Begge dei to eksamensvaktene bur i Balestrand, og har i ei årrekkje gjort ein innsats når Sygna skal elevar opp til eksamen.

– Eg er usikker på kor mange år eg har vore med på dette, men eg tippar at både Aslaug og eg har vore med på dette dei siste ti åra, seier Jan Fredrik.


Jan Fredrik Andersen og Aslaug Fjærestad har i ei årrekkje vore eksamensvakter på Sygna. No er dei i full sving att.

Jan Fredrik Andersen og Aslaug Fjærestad har i ei årrekkje vore eksamensvakter på Sygna. No er dei i full sving att.

Eirik Thue