Rekordmange på hospitering

42 elevar frå 19 ulike skular vitja Sygna måndag og tysdag. Vi håper å sjå heile gjengen til skulestart i august.

42 elevar frå 19 ulike skular vitja Sygna måndag og tysdag. Vi håper å sjå heile gjengen til skulestart i august.

42 elevar frå 19 skular rundt om i landet. Sygna har aldri før hatt så mange hospitantar.

– Dette er veldig kjekt for oss. Det er mange elevar som på eige initiativ har teke kontakt med oss for å koma å sjå nærare på kva vi har å by på. Vi håpar sjølvsagt at vi ser dei att til skulestart i august, seier Frode Kleppe Holgersen, studieinspektør ved Sygna vidaregåande skule.

– Eg kjem

Hospitantane har følgt vanleg timeplan, og rytmen til elevane som bur på internat. Dermed har dei fått ein smakebit på kva som ventar ein heilt vanleg måndag og tysdag i oktober. Fleire har alt funne ut at Sygna er rette plassen å ta utdanning etter grunnskulen.

– Eg har tenkt å starte på Sygna til hausten, seier Khalid Ibrahim Mahmoud. Han bur i Sunnfjord og går i 10. klasse på Førde ungdomsskule. Han har under dagane her i Sogn vore med i klassen til Helse- og oppvektsfag.

– Eg har fått eit godt inntrykk. Lærarane er gode til å forklare og det er ein veldig fin skule, seier Khalid.

Khalid Ibrahim Mahmoud fann seg godt til rette på Sygna, her er han i aksjon i gymsalen.

Khalid Ibrahim Mahmoud fann seg godt til rette på Sygna, her er han i aksjon i gymsalen.

Høyr på mor di

– Korleis fekk du vite om Sygna?

Det var mor mi som sa at dette er ein veldig god skule, fortel han, og nikkar med eit stort smil når vi presiserer at det ALLTID er lurt å høyre på mor si.

Frå havgapet

Hospitantane har fordelt seg på ulike studietilbod, høvesvis 18 på Idrettsfag, 10 på Kunst, design og arkitektur, 8 på Studiespesialisering og 6 på Helse- og oppvekstfag.

I gruppa på 42 finn vi også ein fin bukett frå havgapet, nærare bestemt Øygarden.

Ruben Lønvik Snaprud, Emma Semshaug, Mathilde Solsvik, Haikel Bahremichael og Augusta Aurora Dale Harkestad tok alle vegen frå øykommunen i Hordaland og inn Sognefjorden etter å ha høyrt mykje bra om skulen frå ein elev dei kjenner i 3. klasse.

Sporty gjeng

– Vi likar idrett heile gjengen difor har vi valt å hospiterte på idrettslinja, seier Emma Semshaug. Dei er allsidige og driv med alt frå basketball til symjing når dei er på heimebane.

– Vi har fått eit godt inntrykk av skulen og miljøet. På kveldane har vi hatt det ekstra kjekt med mange sosiale aktivitetar, fortel dei.

– Kjem de til å starte på skulen her til hausten?

– Vi vurderer det sterkt. No skal vi heim i tenkjeboksen, smiler dei.

Gjengen frå Øygarden likte seg godt mellom høge fjell i Sogn.

Gjengen frå Øygarden likte seg godt mellom høge fjell i Sogn.

Kreativiteten fekk fritt spelerom då hospitantar og elevar i Kunst, design og arkitektur fann tonen.

Kreativiteten fekk fritt spelerom då hospitantar og elevar i Kunst, design og arkitektur fann tonen.

Frå mobil til ark.

Frå mobil til ark.

IMG_1120.JPG
Eirik Thue