Prisdryss til elevar

Årets fest sette punktum for eit innhaldsrikt skuleår.

Sommaren kryp nærare oss time for time, minutt for minutt. Ein del elevar har alt pakka koffertane sine og funne kvilepulsen, medan andre framleis har éin eksamen att før dei kan dra opp handbrekket.

Glimt frå festen

Mellom desse to lagnadane vart det, tradisjon tru, arrangert Årets fest på Sygna. Velsmakande mat, gode ord, underhaldning og ein haug med prisar vart delte ut. Her kan du sjå eit glimt frå festen som lokka elevar, lærar og andre tilsette inn i matsalen til ei svært triveleg stund.

Eirik Thue