Plukkar stein for Etiopia

Russen gjer mykje for å samle inn pengar til prosjektet sitt. Denne veka har dei plukka stein ved Villa Heimdalstrand - som Elisabeth Tonheim har kjøpt og no driv og restaurerer. Ein stor gjeng frå russen samla seg og plukka massevis av stein slik at området no framstår like nyplukka som augnebryna på ei barbiedokke. Heile overskotet går sjølvsagt til Etiopia.

Takk til russen - og til Elisabeth, som engasjerte den arbeidsvillige gjengen.

Foto: Elisabeth Tonheim

Frode Bøthun