No kan du få fotball på timeplanen

Går du på studiespesialisering, men har lyst å spele fotball i skuletida? Då har vi løysinga for deg.

Sygna vidaregåande skule opnar no opp for at nye elevar på Vg 1 Studiespesialisering og Vg3, som må ha spansk, kan ta Toppidrett fotball som valfritt programfag.

Fem timar i veka

– Vi er glade for at vi kan gje eit utvida tilbod frå hausten av, seier Johannes Nilsson, lærar ved Idrettsfag på skulen i Balestrand.

Dette grepet gjer at elevar, også utanom Idrettsfag, som vil satsa på sin idrett får høve til å trene i skuletida. Fem timar i veka er sett av til dette programfaget.

Tett på

Sygna har eitt tett samarbeid med Balestrand IL, og vel du Toppidrett fotball vil du få trene med seniorlaget, damelaget eller juniorlaget i klubben.

– Du vil ha dei same trenarane på skulen som du får på dei ulike laga, seier Nilsson.

Mykje å by på

Kreklingen stadion, som har heilt nytt kunstgras, ligg ein langpasning frå internata og sjølve skulebygget. I dette området ligg også idrettshall, treningssenter, sandvolleyballbane, løpebane, frisbegolfbane, innendørs skytebane og eit nett av stiar som fører til fjells.

– Alt ligg til rette for å utvikle deg i eit trygt og godt miljø, seier Nilsson.

Går du på Sygna har du kort veg til alt. Fotballbane, internat, skulebygg, eit nett av stiar og idrettshall ligg i same området.

Går du på Sygna har du kort veg til alt. Fotballbane, internat, skulebygg, eit nett av stiar og idrettshall ligg i same området.

Eirik Thue