No er vi i gang

Det er stas når elevane er tilbake til skulen.

Dei tilsette på Sygna har vore i sving ei stund, men i dag kom den eine eleven etter den andre til Balestrand. Nokon tok det heilt piano og fann seg fort til rette, medan andre hadde magen full av sommarfuglar og var på skulen for første gong.

Uansett utgangspunkt er alle hjarteleg velkomne og vi vil gjere alt vi kan for at alle skal trivast i eit trygt og lærerikt miljø.

Opningsfest

Det er alltid litt ekstra travelt første helga, det er mange praktiske oppgåver som må gjennomførast. Innkvartering på internata, kjøp av skulebøker, møte med lærarar og klassekammeratar, informasjon om både det eine og det andre, sosiale aktivitetar og opningsfest. Her kan du sjå både video og bilete frå opningsfesten i idrettshallen Belehalli som gjekk av stabelen laurdag kveld.

Eirik Thue