Nattcup

Svette, eleganse, kostymer, gode fotballferdigheter, supporterar og god stemning.

Nattcupen er eit tradisjonsrikt arrangement med kostymer, fotballkampar for kvinner og menn, kiosk, høgt lydnivå, høgt engasjement og ein liten dose temperament. Når i tillegg tribuna er smekkfull er det god stemning.

I herreklassen stakk tilreisande "LVS oldboys" av med sigeren. Dameklassen vart vunnen av "Moods of Felleskjøpet". Prisen for beste kostyme gjekk til "Spetakkel". Dommarprisen gjekk til Benjamin i 3 id. Det vart og premiert for beste supportergjeng. Denne prisen vann supportergjengen til "Moods of Fellesskjøpet". 

Takk til russen for nok eit bra gjennomført arrangement!

Frode Bøthun