Målsoge

Besøk av Norsk Målungdom

Måndag 11. mars fekk seks av klassane på Sygna besøk av ein omreisande representant frå Norsk Målungdom. Han tok oss med på ei vandring gjennom målsoga (eller «språkhistoria» som nokre kallar det). Gjennom høgdepunkt og lågpunkt fekk han vist korleis språket ikkje berre veks fram av seg sjølv, men vert forma gjennom politiske vedtak. Han poengterte også at språkval handlar mykje om vane og at det er lettare å lære språk som ein møter dagleg både munnleg og skriftleg.

Det er eit faktum at mange små språk står i fare for å døy ut. Sjølv om det er langt færre som nyttar nynorsk enn bokmål, er begge språka blant dei 200 største i verda (av totalt 7000 språk). Dei kan reknast som solide sidan dei kan nyttast på dei fleste område i samfunnet.

Fredrik frå Norsk Målungdom avslutta med å understreke at «språk ikkje berre er noko du gjer, men reflekterer kven du er», før han delte ut jakkemerke med «Eg elskar nynorsk» og «Nynorsk gjer deg smartare».

 

Tekst/bilde: MÅR

Frode Bøthun