Miljøfokus på Sygna

Me i miljøteamet på Sygna har starta eit prosjekt inspirert av BIG, Bibelskolen i Grimstad, der me kvar tirsdag på morgonsamlinga kjem med eit lite miljøtips til elevane. Kva er eit miljøtips, spør kanskje du? Det handler ikkje om klimagasser, buss i staden for fly eller å skru av lyse når du forlet rommet. (Sjølv om det også er svært stort fokus på dette på Sygna.) Målet er å gjere elevane bevisste på korleis dei kan skape eit miljø der kvar einskild bidrar til at alle kjenner seg inkludert og verdsatt. Me vil oppfordre elevane til å smile til kvarandre i gangane, framsnakke kvarandre, ta kontakt med andre enn dei du er i saman med kvar dag og så vidare. Denne veka var miljøtipset å lytte til kvarandre.

70011592_502102320632000_1294445551797927936_n.png
Guest User