Mot eit felles mål

Elevane på HO arbeider for tida med kompetansemål som omhandlar sosial kompetanse. Å kunne arbeide saman med andre mot eit felles mål er ein viktig ferdighet når skal jobbe med og for andre menneske. Ein må lytte til det dei andre har å seie, samarbeide og klare å komme fram til eit felles mål. Klassen har i dag testa ut dette i form av ei oppgåve som klassen skulle løyse saman. Målet var å krysse den fiktive elva som flomma gjennom gymsalen. Dette skulle dei klare ved hjelp av treklossar som forsvant dersom ingen var i kontakt med dei. Løysinga vaks fram gjennom ein prosess. Ein gjekk frå å køyre sololøp over elva til at gruppa gjennom prøving, feiling, oppmuntring og støtte til kvarandre til slutt kom seg tørskodde over saman.

Elisabeth Nessa