Kvar er dei no?

Birgitte og Martin Jonas

Håpar å kome tilbake til Sygna

Dei to tidlegare sygnaelevane bur i eit vennekollektiv i Oslo og har planar om å gifte seg neste sommar. Begge går til vanleg i Misjonssalen og har teneste der. Etter kvart sitt år på bibelskule går no Birgitte (russ 2015) andre året på lektorstudiet (biologi og kjemi), mens Martin Jonas (russ 2014) har eitt år igjen ved kroppsøving- og idrettsfagstudiet. Birgitte var nettopp innom Sygna som del av Vision-teamet og kanskje ser vi dei begge tilbake som lærarar :-)

Magni Åm Risa