Kulturveke med rikt innhald

Det er krevjande å lage ei Kulturveke, men elevane på Barne- og ungdomsarbeidarfag(BU) på Sygna vgs tok utfordringa på strak arm.

– Dette har vore ei svært lærerik veke, seier Svanhild Hundseth. Læraren har sett at elevane har takla både planlegging, samarbeid og gjennomføring på ein god måte.

– Det er ikkje alt som går som planlagt, og då må du ha evna til å snu deg rundt og kome i mål likevel, seier Hundseth.

Uteskule

Kulturveka, som elevane i 2. klasse på BU har sydd i hop, har hatt eit variert program. Blant anna fekk 1. og 2. klasse ved Sagatun skule vera med på Uteskule med ulike aktivitetar. I skogsområdet mellom dei to skulane på Kreklingen vart ulike leikar organiserte. Det vart også sett opp eit skodespel i skogkanten, der «Bukkande bruse» fekk opp både puls og smil.

Eksamen

I ei Kulturveke er det ikkje berre elevar i grunnskulen som får vere med. Også barnehagen vart invitert med på leiken. 42 barn i alderen 3- til 5 år vart inviterte inn i Gymsalen på Sygna. «Haien kommer», hinderløype, dramatisering og påske-aktivitetar vart servert i tillegg til ein rikhaldig meny frå 2. klasse BU sin kafè.

– Opplegget under Kulturveka er svært relevant for eksamen. Elevane får karakter for jobben dei har gjort, og vi er innom faga yrkesutøving og yrkesfagleg fordjuping, seier Svanhild Hundseth.

Eirik Thue