Korleis kome seg til Sygna?

Dagleg går det ekspressbåtar og bussar til Balestrand. I tillegg er det to flyplassar i sikte.

Balestrand ligg idyllisk til ved Sognefjorden. Tusenvis av turistar frå heile verda finn vegen til bygda om sommaren. Då skulle du tru at det var veldig lett å finne fram til Perla ved Sognefjorden - kommunen sitt slagord - men det krev litt planlegging.

Båt

Dagleg går det ekspressbåtar Bergen-Sogndal/Flåm. Turen frå Bergen til Balestrand tek kring 4 timar. Sjekk ut når båtane går her: https://www.norled.no

Buss

Bussar frå dei største byane i Noreg går mot Sogn. For å finne ut meir, sjekk ut: https://www.kringom.no/

Fly

Balestrand ligg midt mellom to flyplassar. Det er vel 1,5 time i bil til begge, Sogndal Lufthamn og Førde Lufthamn. For meir informasjon: https://www.wideroe.no/

Bil

Dersom du kjem med bil er det fleire vegar å velje mellom. Sjekk ut: https://reiseplanlegger.naf.no

Ferjer

Sidan Balestrand ligg ved Noregs lengste og djupaste fjord er det ofte enklast å ta ferje for å krysse fjordarmane.

Skal du ta ferje på strekningane Vangsnes-Hella-Dragsvik, Fodnes-Mannheller eller Anda-Lote finn du rutetider her: https://www.fjord1.no/

Dersom du kjem ytre lei - frå bergenskanten - må du krysse Sognefjorden ved Lavik-Oppedal. Rutetidene til ferjene her finn du her: https://www.norled.no

Dersom du vel å gå, er det eit godt teikn om du ser eit skilt som fortel at du er på fylkesveg 55. Lukke til og velkomen til skulestart.

P.S. Skulestart med opningsfest er laurdag 17. august, medan første ordinære skuledag er måndag 19. august.

IMG_0008.jpg
Skjermbilde 2019-08-11 kl. 07.53.09.png
Eirik Thue