KDA utforskar impresjonismen

Oscar-Claude Monet ver ein av dei mest kjende impresjonistiske målarane. Han meinte at kunsten måtte gjerast ferdig på staden, og helst så fort som mogleg, og difor blanda han ikkje ut malinga, men berre la den med lette strøk over lerretet. Måleria hans kan då verke uferdige, men meininga med dei var å gje eit inntrykk av kva han såg. No har dei fantastiske, flinke og ydmyke elevane i 3. klasse Kunst, Design og Arkitetktur teke føre seg den vanskelige men dog spanandes oppgåva å uttrykkje seg på impresjonistisk vis. Fleirtalet i klassen prøver seg på vanleg impresjonisme, med penselstrøk som ikkje vert jamna ut. Lene prøver seg på ein særskild retning innanfor impresjonismen som heiter “pointillisme”. Teknikken ho bruker går ut på lage mange små prikkar med ulike variantar av fargar som til saman skal sjå ut som ein farge. Sjølv det tek tid å lære seg å bruke denne teknikken, og det å finne dei rette fargane er vanskeleg, ser elevane særs, særs mykje fram til å bli ferdig med dei vakre bileta sine.

tbc. 

Frode Bøthun