Kajakksesongen har starta!

Våren er komen for fullt i Balestrand. Frukttrea blomstrar, bjørka er grøn, dagane vert lenger og sola varmar godt. Då er det fristande å kome seg ut på sjøen i kajakk eller kano. I Sygna sitt naust ligg det kajakkar og kanoar som elevane kan låne. For å låne kajakk må du ha våttkort sjølv, eller ha med deg ein kompis som har våttkort. Å padle på Sognefjorden med den vakre naturen rundt deg er ei oppleving du bør få med deg. Hugs å kle deg etter temperaturen i vatnet og hald deg langs land. God tur!

Elisabeth Nessa