Lurer du på kva som skjer her?

– Vi fornyar no for framtida, seier Knut Heng, rektor ved Sygna vidaregåande skule.

Gravemaskina er på plass på tomta i Balestrand, og dermed er ein omfattande jobb i gang. Sygna VGS skal i løpet av året få nytt kjøken.

– Totalbudsjettet er på 12 millionar kroner utan moms, opplyser Heng.

Innfrir krav

Kjøkenet skal vera ferdig og klart for bruk i november. Under byggjeperioden vert maten servert frå kontainerkjøken, og matsalen vert nytta som vanleg. 

Det nye kjøkkenet skal løfta fellesbygget på skulen. Der er det blant anna matsal og kjøkken, som vil bli utvida mot nordaust.

– Grepet gjer at skulen innfrir dagens krav til storkjøkkendrift, for påbygg til kjeldesortering, kontor for internatleiar og kjøkenleiar og ekstra opphaldsrom og bad, opplyser rektor.

Balestrand-verksemda Hanevik Maskin står for grunnarbeidet, medan Ah-bygg frå Sogndal er totalleverandør.

Eirik Thue