Tok opp viktige spørsmål

No er det snart ei veke sidan Vision var slutt, og vi sit igjen med mange gode minner. Eit av dei er
jente- og guteseminara som studentane frå Oslo og Stavanger hadde på Sygna. Jenteseminaret blei halden av mellom anna Lina K Aarseth som var miljøarbeidar her i fjor. Guteseminaret blei halden av mellom anna Karsten Tollheim , som var russ på Sygna for tre år sidan. Seminara var frivillige; alle interesserte skulle samlast på to forskjellige klasserom; jentene for seg, og gutane for seg.

Først blei grunnlaget lagt; ei understreking av kor verdifull kvar enkelt er! Du er skapt av Gud. Du er ønska og planlagt av Han. Du er kjent av Han. Du er elska av Han. Og gjennom trua på Jesus er du rettferdiggjort av Han. Du har uendelig verdi; berre fordi du er.

Etterpå blei det snakka om mange viktige tema; kjønnsroller, feminisme, sex, porno og flørting. Når dei var ferdige med å snakke om desse temaa, gjekk Lina og dei andre seminarhaldarane inn til gutane, for å svare på gutane sine spørsmål. Mens dei som hadde guteseminaret kom inn til jentene for å svare på jentene sine spørsmål.

Mange gode spørsmål blei tatt opp, mellom anna om det går an å berre vere vener med gutar, korleis ein skal gå fram for å få seg kjæraste; kva gutar tenker på (der det var ganske brei einigheit om at gutar tenkjer mindre enn jenter…), osv.

Seminara var populære; på jenteseminaret var det fullt klasserom. Responsen etterpå var god; det blei sagt at det var nyttige tema, ting ein gjerne vil snakke om, men som det ofte ikkje blir snakka så mykje om. Så då er utfordringa gjeven til oss som fortsatt er her når Visionteamet har reist; å skape fora og eit godt miljø, der ein kan snakke om slike viktige tema som gjeld heile livet.

EBO

Vision-teamet som besøkte Sygna 28. februar - 3. mar

Vision-teamet som besøkte Sygna 28. februar - 3. mar

Frode Bøthun