Italiensk inspirasjon for KDA

Måndag 29. januar stod det ein flott sak i Sogn Avis om KDA-elevane ved Sygna vgs og deira Caviardage-prosjekt. Dei som ikkje har hatt gleda av å sjå og lese denne saka kan få ein liten smakebit her:

 

Caviardage er ein kreativ skriveteknikk som inviterer elevane til å lage eigne dikt ut frå allereie eksisterende tekstar i staden for å starte med blanke ark. Det var kunstlærar Giuseppe Miconi som tok med seg teknikken i klasserommet. Metoden vart utvikla i Italia for nokre tiår sidan og målet er å nytte samspelet mellom ord og ulike kunstteknikkar til å uttrykke kjenslene våre gjennom eit slags "visuelt dikt". 

 

Elevane i 1KDA brukte kollasje, akrylmaling, og mange andre materiale for å lage mange spennande produkt.

Frode Bøthun