Imponerande kunstutstilling

Måndag kveld strøymde friske tonar ut frå Galleri Holmen i Balestrand sentrum. 16 unge og spente kunstnarar og nær 40 skodelystne gjestar var samla til opninga av vårens første kunstutstilling. Alle kunstverka var signerte elevar ved KDA-linja på Sygna. Dei mange gjestane let seg overvelde og imponere av både teknikkane og kreativiteten til kunstelevane.

Magni Åm Risa