Jubel på heimestadion

Å vere heimesupportar i Balestrand er ei sann fryd. Siste kamp for herrelaget dette skuleåret var ein fest frå start til slutt. Laget som så langt i sesongen står utan tap, banka inn 5-0 til stor jubel og song frå stadion under solid leiing av Bataljonen. Då kampen var over, storma storparten av supportarane bana for å hylle spelarane og trenar Johannes.

Magni Åm Risa