Høgt og lågt i øyriket

Elevane i 2. klasse idrettsfag fekk opplevingar for livet då dei vitja øyriket lengst mot vest i Noreg.

Skjermbilde 2019-09-14 kl. 10.44.18.png

Sist helg fekk dei oppleva fantastiske Solund, kommunen ligg på yst i Sognefjorden mot Nordsjøen.

Padling, teknikkøvingar, konkurransar, herleg fellesskap og ikkje minst god mat stod på menyen.

Dronninga

Sjølv om dei fleste aktivitetane gjekk føre seg på vassfalta, fekk også elevane med seg ein solid fjelltur. Toppen av Pollatinden(541 m.o.h.) - kalla Dronninga i Solund – gav eit fantastisk utsyn over havlandskapet.

Det var ein trøytt, men nøgd gjeng som kom tilbake til Sygna etter ei helg med mange inntrykk i friluft. Forhåpentlegvis blir det fleire tur-eventyr om ikkje så lenge!

Eirik Thue