Haustens våtaste eventyr

Trass vind og pøsregn, stilte sporty elevar både som funksjonærar og deltakarar i aktiv klasse på det årlege motbakkeløpet Balestrand Opp. Martin Skjerdal fullførte det 5, km lange løpet frå Kviknes Hotell (0 m.o.h) til Raudmelen (972 m.o.h) på 52,13 minutt og vann med det sin klasse (M15-17). Rakel Dalseid (K15-17) og Karen Emilie Jonasmo (K18-19) vann også sine klassar med tidene 1:03,30 og 1:10, 46. Dei siste deltakarane kom opp 1 time seinare. Med dette har elevane, i tillegg til heftig mosjon og heder og ære, innkassert 30 000 kroner til misjonsprosjektet. Funksjonærane fekk i tillegg avslutte dagen med pizza på Kviknes :-)

Magni Åm Risa