Grill ein kristen

«Grill ein kristen» er eit konsept frå Laget som mange skule- og studentlag har arrangert med stor suksess.  Ein ber enkelt og greitt folk om å komme og stille akkurat dei spørsmålene dei vil til ein kristen som vil svare.

Måndag 12. november møtte mange spørjelystne og nysgjerrige elevar opp for å stille vanskelege og viktige spørsmål til eit snakkesalig panel.

Døme på spørsmål: Kvifor har Gud gitt oss fri vilje? Kvifor er ikkje Gud synleg? Kvifor snakkar kristne så mykje om synd? Korleis kan vi vite at Bibelen ikkje er fiksjon?

Det kom også spørsmål om djevelen, Guds plass i "Big Bang"-teorien, abort og sex utanom ekteskapet.

Så håpar vi dei frammøtte fekk nokre meiningsfulle svar og at samtalane kan fortsette i kvardagen.

Tekst/bilde: MÅR 

Frode Bøthun